Det vart ei vanskeleg oppgåve for juryen å plukke ut vinnarane av Pepperkakebygda 2025.
Utruleg mange flotte byggverk har kome inn, kreativiteten og arbeidsinnsatsen som er lagt ned i husa er imponerande. Alle bidraga har si heilt eiga sjarm.
I pepperkakebygda finn du mellom anna kraftstasjonen i Haukeli, gapahuken ved Åmot skule, bakeri, verkstad, utedoen på rasteplassen i Smørklepp, miljøvennleg transport, Vinje kyrkje – og til og med huset til Mummitrollet.
Juryen har mellom anna lagt vekt på heilskapleg utføring og konstruksjon, detaljar og originalitet.
1. plass: Joleferie – ei koseleg luksushytte
Laga av Baste, Einar og Lenard
2. plass: Eiffel de Hylland – Eiffeltårnet slik det ville sett ut på Hylland
Laga av Vilde og Solveig med foreldre
3. plass: Hylland Villekulle – Pippi Langstrømpe
Laga av Sigrid og Andrea
Me gratulerer vinnarane!
Bruse inviterar alle deltakarane til premieutdeling
📍 Fristadsenteret
🗓 Laurdag 10. januar
🕛 Kl. 12.00
Bruse deler personleg ut premiar til 1., 2. og 3. plass – og sidan han vart så imponert over alle bidraga, ynskjer han å gi ei lita helsing til alle som deltok.
Om du berre har lyst til å helse på Bruse, er du hjartleg velkomen – han er nemleg veldig glad i gode klemmar 💚🐐