Om Visit Vinje

Visit Vinje er eigd og blir drifta av Vinje Næringslag. Saman med Visit Rauland og Visit Haukeli utgjer me ein nyttig informasjonskanal for heile Vinje Kommune.

Samstundes som me vil vera ein forlengande høgrearm innan marknadsføring av området og medlemsbedriftene våre, ynskjer me å bidra til auka trivsel og tilbod til deg som bur her, er på besøk eller kjem flyttande til. Ynskjer du å bli medlem, vera synleg på visitvinje.no og i tillegg bidra til å utvikle Vinje som destinasjon? Då høyrer me gjerne frå deg! Kontakt oss når som helst, på visitvinje@gmail.com eller via Messenger.

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram!

Turistinformasjon

Dersom det er frisk fjelluft, kvilepuls og rom for den frie tanken du søkjer, kan du enkelt finne det hjå oss.

Her ventar fredfulle naturopplevingar på deg, til skogs, til fjells og på vatnet – i omgjevnader som har fostra og inspirert mang ein kunstnar gjennom tidene. «Liva vel”, seier me her.

Og her ligg godt til rette for nettopp det!

Groven Camping & Hyttegrend er sommarope turistinformasjon for Åmot frå 1.juni-1. september. Berre 250 m frå sentrum og E134, i retning mot Rauland. Her finn du god informasjon om attraksjonar og turar i området, fiskemoglegheiter, overnatting og vegforklaringar.

Utanom sommarsesongen er det Rauland Turist som er hovudkontoret.

Groven Camping & Hyttegrend

Raulandsvegen 41, 3890 Vinje

Tlf. +47 90956484

E-post: post@visitvinje.no

 

Rauland Turist AS

Brendaberg 4, 3864 Rauland

Tlf. +47 35 06 26 30

E-post: info@visitrauland.com

Kontakt oss

Vi vil gjerne høyre frå deg!

Send oss ein e-post eller fyll ut skjemaet under og me kontaktar deg så fort me har behandla henvendinga di.

post@visitvinje.no

Visit Vinje
Vinje Næringslag
Org.nr. 971 327 065

Kontakt oss

Reisa hit

Nytt kartet under for å sjå ti ulike startpunkt i Sør-Noreg for ein fin køyretur til Åmot i Vinje Kommune. Her er avstandane og estimert tid for alle startpunkt:

Dalen: 22 km, 25 minutt

Rjukan: 66 km, 1 time og 5 minutt

Hovden: 67 km, 1 time

Odda: 136 km, 2 timar og 10 minutt

Larvik: 158 km, 2 timar og 25 minutt

Oslo: 211 km, 3 timar og 5 minutt

Kristiansand: 225 km, 3 timar og 20 minutt

Haugesund: 232 km, 3 timar og 30 minutt

Stavanger: 247 km, 4 timar og 5 minutt

Bergen: 270 km, 4 timar og 55 minutt