Litteraturdagane: Kveldsprogram fredag

Litteraturdagane: Kveldsprogram fredag

Dato: 27. september, 2024
Tid: 18:00
Sted: Vinjar

Festivaltema 2024 er KRAFT. Drivkraft og skaparkraft er nokre stikkord for litteraturpub på Vinjar!

Les meir

Informasjon

Litteraturdagane: Kveldsprogram fredag

Dato: 27. september, 2024
Tid: 18:00
Sted: Vinjar

Festivaltema 2024 er KRAFT. Drivkraft og skaparkraft er nokre stikkord for litteraturpub på Vinjar!

Les meir

Kl. 18.00
KVA ER OLAUG NILSSEN SI DRIVKRAFT?
Og kvar kjem skaparkrafta frå? Olaug Nilssen fortel om skrivetrong, nynorsk, språk og inspirasjonar. Samtaleleiar er Kjersti Rorgemoen.  

Kl. 19.00
SKAPARKRAFT
Musikar og komponist Odd Nordstoga kjem i haust ut med sjølvbiografien Spelemann, der han skriv “eit realityshow på papir” om menneska, musikken og stadane i livet sitt. Nordstoga snakkar med leiar ved Vinjesenteret, Yngve Knausgård. 

Kl. 21.00
KONSERT
Kristian Kristensen er ein låtskrivar og artist frå Harstad som fyrst blei kjend gjennom “The Voice” i 2013. Han blei nominert til Spellemannsprisen i 2016 for låta Kan du lære mæ? Kristensen var ein av deltakarane i underhaldningsprogrammet Hver gang vi møtes i 2023. 

Kl. 22.30
SPRÅK-QUIZ
Språk er alvor – og moro! Direktør i Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik er vert, og deler ut flotte premier til dei mest språkkyndige.