Kl. 09.30
KYRKJEKAFFI
Festivalsundagen startar, for dei som ynskjer det, med ein enkel litteraturfrukost på Vinje kyrkjekontor, nabobygget til Vinjesenteret. Etter frukost blir det vandring til kyrkja, med korte litteraturstopp. Vandringa blir leia av diakon Eilev Erikstein.
Kl. 11.00
FESTIVALGUDSTENESTE
Som avslutting på Litteraturdagane blir det gudsteneste i Vinje kyrkje, slik som tidlegare. Dette landmerket av ei kyrkje med sin særeigne farge utvendig og sitt særeigne preg innvendig, med altarbilete måla av Henrik Sørensen, dannar ei kraftfull ramme rundt avsluttinga på Litteraturdagane 2024. I år vil forfattaren Olaug Nilssen halde tale om krafta i bibelforteljingane. Musikken står kantor Robertas Lamsodis for, saman med lokale aktørar. Sokneprest Tor Eivind Erikstein er liturg.