Sykkeltur til Ravnejuv

Ta sykkelen fatt til forbløffande Ravnejuv, stupet med eit 350 meters fall rett ned i Tokkeåi. Slepp eit lauv over kanten og sjå det danse i luftstraumen før det stig opp att!

Aktivitetsinformasjon

Lengde: ca. 11 km ein veg

Følg E-134 frå Åmot sentrum i om lag 4 km, og ta deretter av vegen mot Gøytil og Ravnejuv på høgre side. Her fylgjer du fredelege, knasande grusvegar, omgjevne av urørt natur og tradisjonelle gardar i den karakteristiske Vest-Telemark-stilen.

Etter om lag 7 km kan du parkere sykkelen. Frå skiltet ved vegen er det berre ein kort spasertur inn i skogen før den imponerande turistattraksjonen openberrar seg for deg.

Me vil anbefale denne turen hovudsakleg for vaksne, då nokre delar av ruta går langs den travle Europavegen.
Les meir om Ravnejuv her.

Sjå kva du kan oppleva