Utforsk historie, kultur og natur på denne fantastiske rundturen som tek deg gjennom heile Vinje.
Aktivitetsinformasjon
Lengde: | ca .149 km |
Tid: | 2 t 25 m utan stopp |
Kven: | For alle aldrar |
Åmot – Rauland – Arabygdi – Haukeli – Åmot
Etter ei god natts søvn og ein kaffekopp er du klar for å utforske Vinjes historie, kultur og natur. På vegen opp mot Rauland kan du nyte synet av flotte tradisjonsrike gardar, og vakre Totak med Raulandsfjell speglande i vasskorpa.
På Rauland kan du besøke skulptursamlinga til kunstnaren Dyre Vaa (1903-1980). Der kan du sjå eit mangfald av skulpturar, måleri, grafikk og teikningar. Vaa er mellom anna kjend for verket «Mennesket møter naturen» på Ankerbrua i Oslo.
Følg gjerne stien ned til Skinnarlandsamlinga også, som inneheld meir enn 100 av arbeida til Knut Skinnarland (1909-1993), i form av skulpturar, teikningar og grafikk. Museet har også ein kopi av atelieret hans i Rauland. I tillegg er det kvart år nye sær- og salsutstillingar. Meir informasjon om musea i Vest-Telemark finn du på www.visittelemark.no
Før turen går vidare langs Totaks strender, må du få med deg Telemarkstunet ved Raulandsakademiet. Telemarkstunet er ei samling med kopiar av gamle hus på Rauland.
Her får du definitivt kvilepuls, blant geiter som mekrar blidt og barn som utfaldar seg fritt på tunet. Store og små kan prøve stylter, hesteskokasting og natursti med spørsmål om natur, kultur og fugleliv. Om magen byrjar å rumle kan du nyte rjomegraut og spekemat i Årestoga, og det skal godt gjerast å motstå dufta av nysteikte solskinsbollar frå steinomnsbakeriet i Eldhuset.
No gjeng ferda vidare mot Arabygdi. Vegen hit er smal, med Totak blenkjande på eine sida og majestetiske Raulandsfjell på den andre. I Arabygdi finn du Myllarheimen, der den kjende og kjære felespelaren Myllarguten heldt til dei siste åra av sitt liv. Minnesmerket av Myllarguten som står på tunet er utført av Dyre Vaa.
Like forbi Myllarheimen kjem du til det som truleg er Nord-Europas største steinur – den gåtefulle Urbøuri. Ura ligg på tvers av dalen, og fyller heile området med stein. Mange har spurt seg korleis i alle dagar dette kan ha seg, då dalføret er for vidt og fjella ikring for låge til å kunne gje eit slik resultat. Og slik har det oppstått fleire spennande segner om Urbøuri. Den eine segna fortel at det var vikingguden Tor som ei gong var i bryllaup på ein gard i grenda. Då han ikkje fekk servert meir øl blei han rasande, og slo hamaren sin i fjellet i ilske. Steinmassane ramla nedover på folket og garden, og hamaren glapp ut av hendene til Tor og blei borte i steinura. Tor fòr så gjennom ura, og kasta stein etter stein til side for å finne att hamaren sin, og slik blei Torsvegen til.
Torsvegen er ein merka tursti som er om lag 1 km lang og bryt tvers i gjennom den gåtefulle steinura. Ein lett og fin tur, midt i ein attraksjon. Og kven veit, kanskje finn du hamaren til Tor?
Urbøuri blei også landskjend i aprildagane 1940, då dei mange steingangane og hòlene her blei brukt som gøymestadar for norske motstandsstyrkar under kampane mot tyskarane.
Ta no bilen vidare til Haukeli, og tilbake mot Åmot langs Europavegen. 23 kilometer frå Haukeli kjem du til den vesle bygda Smørklepp. Her ligg det særprega, natursteinsbygde Smørklepp kunstmuseum, teikna av den kjende arkitekten Bjart Mohr – og eit skode i seg sjølv. Innanfor kan du studere ei stor samling av måleria til Henrik Sørensen, som framfor alt var kjend for dei stemningsfulle naturskildringane frå Telemark. I tillegg kan du sjå bilete av den kjende kunstnaren Harald Kihle her.
Frå museet kan du nesten kjenne lukta av nysteikte bollar nede frå Mjonøy. Staden er kjend vide i kring for nydeleg fersk gjærbakst frå steinomn, og for friluftskafeen som serverer mat produsera på lokale råvarer, i rause porsjonar. Tunet er ramma inn av ei samling gamle hus, og ligg idyllisk til ved elva – med hengekøyer plassera svalt i skuggen under trea.
Etter ein bolle eller to og ein kvil i skuggen er du klar for å besøke det nyopna Vinjesenteret. Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i nokre lokale journalistar og diktarar som du kanskje har høyrd om før: Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.
Ferda vidare tek deg forbi Vinje Bryggeri i Bøgrend, kor du får lokalbrygga øl som ber lokal kultur og historie med seg i både namn og smak. Verd ein visitt før siste stopp på reisa er husmannsplassen Midtbø, kunstnarheimen der det kjende forfattarparet Halldis og Tarjei Vesaas budde. Huset og livet der er skildra i fleire av dikta og bøkane deira. Midtbø er framleis i familiens eige, og har sidan 2016 halde ope for besøkande i turistsesong.