Personvernerklæring for Visitvinje.no
Vår adresse er Vinje Næringslag, Dalsvegen 343, 3890 Vinje
Erklæringa gjeld for følgjande: https://visitvinje.no
Vinje Næringslag, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar.
Erklæringa inneheld informasjon som du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18 1. ledd).
Vår databehandlar på denne nettstaden er
Domeneshop.no, Oslo med org.nr. 976 769 678Kva for personopplysningar vi samlar inn, og kvifor vi gjer det
Informasjonskapslar
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på datamaskina din når du besøkjer ei nettside. Føremålet er både å gjere brukaropplevinga betre for deg ved at nettstaden hugse innstillingane dine, kva sider du har besøkt, innlogging og eventuelle brukarnamn og andre opplysningar som du har lagt inn og vil at nettsida skal hugse slik at du slepp å skrive dette inn for kvar gong. Vi brukar ikkje informasjonskapslar til å sjå kva nettsider du besøkjer etter at du har vore på nettsidene våre. Vi lagrar heller ikkje informasjon som gjer at vi kan identifisere deg som person. Det er frivillig for deg som besøkjer nettsidene å oppgje personopplysningar i samband med tenester, til dømes å motta nyheitsbrev eller å fylle ut og sende inn skjema. Viss du besøkjer denne nettstaden så samlar vi likevel inn avidentifiserte opplysningar om besøket gjennom verktøyet Google Analytics. Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstadane. Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøkjer ulike sider på nettstaden, kor lenge besøket varar, kva nettstadar brukarane kjem frå og kva nettlesarar som vert nytta. Opplysningane vert behandla i avidentifisert og aggregert form. Med avidentifisert meiner vi at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn tilbake til den enkelte brukar. Vi samlar inn heile IP-adressa, men IP-adressa vert avidentifisert slik at berre dei tre første gruppene i adressa vert bruk til å generere statistikk. Det vil seie at dersom IP-adressa består av nummera 195.159.103.82, vert berre 195.159.103.xx brukt. I tillegg vert IP-adressene behandla på aggregert nivå, det vil seie at all data vert slått saman til èi gruppe og ikkje behandla individuelt. Døme på informasjonskapslar som vert nytta for Google Analytics er: _ga: Vert sletta automatisk etter 2 år. Vert brukt for å skilje brukarar frå einannan. _gid: Vert sletta automatisk etter 24 timar. Vert brukt for å skilje brukarar frå einannan. _gat: Vert sletta automatisk etter 1 minutt. Vert brukt for å fordele trafikk/spørringar. Når Google Analytics vert distribuert via Google Tag Manager, vert denne informasjonen kalla _dc_gtm_ . Rettleiingar:- Mediebruket: Slik kan du sjå kva informasjonskapslar som vert brukt på ei nettside
- Nettvett.no: Slik administrerer du korleis ei nettside brukar informasjonskapslar (slå av og på samtykket til lagring av informasjonskaplar)