Her blir det laga fersk bakst, kaker, påsmurde rettar og catering til både små og store anledningar. Kakeringen produserer også brød, gjærbakst og kaker frå eige bakeri, med gode moglegheiter for tilpassing ved allergiar og spesialkost.
Du finn bakverk frå Kakeringen fleire stader i Vinje:
🥐 hos SPAR Vinje
☕ på Fristadsenteret
🍔 burgerbrøda deira i lokalmatutsalet til Sandok Gardsmat
Arbeid, meistring og kompetanse
Kakeringen er også eit viktig verktøy innan arbeidsinkludering og kompetanseheving i Vest-Telemark. Gjennom praktisk arbeid i bakeri og kjøkken får menneske moglegheit til meistring, arbeidstrening og utvikling i trygge omgjevnadar.
Her blir det tilbydd ulike arbeidsretta tiltak, mellom anna:
- varig tilrettelagt arbeid (VTA)
- arbeidsutprøving
- avklaringstiltak
- praksisplassar og lærlingløp
Kakeringen tek også imot lærekandidatar og lærlingar innan kokkefaget og baker- og konditorfaget, og kombinerer lokale smakar med viktig arbeid for inkludering og deltaking i arbeidslivet.
Varene og tenestene du handlar frå Kakeringen er ikkje berre gode smakar – dei skapar også ein meirverdi gjennom arbeidstrening, inkludering og moglegheiter for menneske i ulike fasar av livet