Search

Sommaropning på musea våre, og Diktarheimen Midtbø

Sumarsesongen er her, og musea våre opnar.

Det er alltid stas med sesongopning! Me har eit flott vertskap som i desse dagar riggar seg til, og gledar seg stort til du kjem på besøk i sommar.

Smørklepp Kunstmuseum – Sørensen og Kihle 

I dei fine skogar i Smørklepp vil du møte på eit særprega galleri av naturstein. I galleriet har Henrik Sørensen og Harald Kihle fått sin plass. Det var to kompisar som både arbeidde og budde mykje i lag på Smørklepp. I nær 40 somrar har denne grenda sat sitt eige preg på desse to kunstnerane, og i sommar er det din tur til å koma å sjå!
Sesong; 25. juni – 15. august,
Tysdag – sondag, kl. 11.00 – 17.00

 

Øyfjell Bygdemuseum

Sjølve museumsbygget seier me gjerne at er svært spesielt! Bygget har røtar tilbake til år 1931. Ein var opptatt av att bygget skulle stå i evig tid, så materialet som vert bruka var kila granitt. Dette gjev ein spesiell utsjånad på bygget, og er i seg sjølv verdt turen innom! I tillegg til dette har museet ei rik samling av gamle reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi. Legg du no merke til det siste ordet, og lurar på kva i alle dagar snurrepiperi er for noko – ja då må du ta turen!
Sesong; 25. juni – 18. august
Laurdag & sondag, kl. 11.00 – 17.00

 

Forsvarsmuseet i Vinje

Ein tur innom her skjerpar nysjerrigheita! Her kjem du tett på lokal krigshistorie med både forteljing og gjenstandar frå tida.
Museet er bygd opp for å minnast kampane som gjekk føre seg i Vinje og Tokke, April og Mai i år 1940, og for å hedre alle ungdommane som var klare for å kjempe for fedrelandet!
Sesong; 28. juni – 11. august
Torsdag – sondag, kl. 11.00 – 16.00

 

Diktarheimen Midtbø 

Idylliske Midtbø, betre kjent som heimen til diktarparet Halldis Moren Vessas og Tarjei Vessas.
Plassen er uendra, og står endå slik den gjorde då Halldis og Tarjei budde der.
Sidan 2016 har etterkomarane deira, Guri og Olav Vesaas halde garden open for publikum om sommaren.
Og som Olav Vesaas seier, «alle æ hjertleg velkomen – sø skø dei få ein liten dose Vesaas.»
Sesong; 30. juni – 4. august
Tysdag – sondag, 12.00 – 17.00

 

 

 

Sjå meir

Aktivitetar på Vinjesenteret i sommar

Les meir

17. Mai feiring!

Les meir

Feiring av Aasmund Olavsson Vinje

Les meir

Foto: Luke Tennant

Påskeferie i Vinje! 🐣

Les meir