I andre etasje hjå Silkevippa kan du oppleve salsutstilling med måleri og akvarellar av Reidar Kolbrekk.
Kolbrekk er kjend for stemningsfulle motiv inspirert av natur, lys og landskap frå Telemark og fjellområda rundt Rauland. Gjennom mange år har han arbeidd med både akvarell og måleri, og uttrykket hans ber preg av sterke naturopplevingar og nærleik til landskapet.
Utstillinga er plassert i lune omgivelsar i andre etasje på Silkevippa – ein særprega nisjebutikk i Åmot med interiør, gåver, handverk og lokale skattar. Her kan du kombinere kunst, handel og ein roleg stopp midt i sentrum.
Ope:
Måndag–fredag: 10.00–16.30
Laurdag: 10.00–15.00
Velkomen innom!



