Torsdag 25. juni inviterar butikkane i Åmot til kveldsope heilt fram til kl. 20.00.

Butikkane byr på gode tilbod, og ved Bratlandsbygget blir det mini-marknad og grilling frå kl. 16.00 til 19.00 og aktivitetsløype med Bruse. På Silkevippa blir det pop-up cafe med bakst frå Groven camping, dei tilbyr også dagensmiddag i utestoga på campingen.

For dei minste kjem Bruse på besøk med aktivitetsløype og morosame oppgåver. Det blir òg høve til å møte lokale utstillarar og produsentar på mini-marknaden.

Vinn gåvekort

Handlar du i minst tre butikkar denne kvelden, kan du vere med i trekkinga av gåvekort.

Program

  • Kveldsope i butikkane til kl. 20.00
  • Mini-marknad ved Bratlandsbygget kl. 16.00–19.00
  • Grilling ved Spar
  • Pop-up cafe på Silkevippa
  • Bruse-løype for born
  • Dagens middag på Groven Camping
  • Trekking av gåvekort

Ynskjer du standplass?

Me ynskjer lokale produsentar, lag, foreiningar og andre utstillarar velkomne til mini-marknaden.

Det er gratis å delta, men me ber om påmelding innan 15. juni.

Ved påmelding er det fint om du opplyser om:

  • Namn på utstillar/verksemd
  • Kva du ynskjer å stille ut eller selje
  • Om du treng straum
  • Omtrentleg storleik på standplassen

Påmelding:
📧 visitvinje@gmail.com

Velkomen til ein triveleg sommarkveld med handel, aktivitetar og gode røur Åmot sentrum!

 

Sjå foto og videoar

Les meir

Hyllandsfoss Camping og Hyttegrend– enkelt campingliv tett på naturen

Programoversikt Litteraturdagane

Litteraturdagane i Vinje

Sommarkviss på Groven ein fin sommarkveld

Sommarkviss på Groven Camping – quizkveld i Åmot kvar onsdag i juli