Bær og sopp

Vinje er rikt på natur, med skogar rause på både bær og sopp.

Aktivitetsinformasjon

Sesong:  Sommar og haust
Kven:  For alle aldrar

Bærsesongen startar varsamt i juni med søte, små markjordbær langs grøftekantar og stiar. I juli bognar skogen av blåbær og bringebær, medan myrane i august lyser gult av saftige, mogne molter. Når september kjem, er det tid for tytebær i hogstområda – gjerne etter ei frostnatt eller to, som gjev ekstra god smak.

I Vinje sine skogar finn du òg mange ulike soppartar, men hugs å setje deg godt inn i kva som er trygt å plukke før du legg ut på tur.

God tur!

 

Sjå kva du kan oppleva