Praktisk informasjon

På Forsvarsmuseet i Vinje kjem krigshistoria tett på, med forteljingar frå kamphandlingane i Vinjesvingen og livet i bygdene under andre verdskrigen.

Forsvarsmuseet i Vinje gjev eit sterkt og nært møte med krigshistoria i Vinje og Vest-Telemark. Museet er eigd av Vinje kommune og blir drifta av Venelaget for Vinje Forsvarsmuseum.

Hovudfokuset er kamphandlingane i Vinjesvingen i 1940 og kvardagslivet under krigen. Gjennom gjenstandar, bilete og forteljingar får du innblikk i dramatiske hendingar, lokale skjebnar og forsvarsoperasjonar som fann stad i nærområdet. Utstillingane knyter saman den store verdshistoria med det som hende nett her – i bygdene, i landskapet og blant folk.

Museet har òg som mål å formidle forsvarshistoria i Vinje og Vest-Telemark breiare, med særleg vekt på personar og operasjonar med lokal tilknyting. Formidling til ungdom står sentralt, og skuleklassar er difor hjarteleg velkomne til omvisingar og undervisningsopplegg.

Forsvarsmuseet er ope for omvising i sommarsesongen. Det er også mogleg å bestille guida omvising utanfor sesong etter avtale.

Bilder: Forsvarsmuseet

Greit å vite

Adresse:  Vinjevegen 133, 3890 Vinje
Telefon: + 47 99 44 92 30
Facebook: Klikk her for å sjå

Sjå kva du kan oppleva

Reisa hit

Les meir

Public library interior with rolling book carts, tall shelves filled with colorful books, and a green carpeted floor.

Bibliotek og Utstyrsbank i Åmot

Smiling woman presenter standing behind a wooden display case with Danish flags, in a gallery with informational boards on the walls and visitors watching.

Vinjesenteret

Two cyclists, a woman in a pink shirt and a boy in a blue shirt, ride bikes on a sunny, winding country road with greenery around.

Sykkelrunden Åmot – Øyfjell – Rauland