Search

Løypenett for skuter

Vinje kommune er ein av få kommunar i landet som har eige løypenett for fritidskøyring med snøskuter. Skutersjåførar må ha gyldig løyve, førarkort for snøskuter (klasse S), og skuteren må vera registrera. Køyreløyvet må alltid vera med under køyring. Løypene blir opna etterkvart som dei blir stikka og merkte

Aktivitetsinformasjon

Sesong:  Vinter
Dagsløyve: vinjenett.no/
Kven:  Førarkort klasse S

Løypene blir stengde når is- og snøforhold tilseier det, seinast fyrste måndag i mai. Rasting er lov opptil 30 meter rett ut frå traseane, der ikkje forbod er skilta. Det er ikkje tillate å køyre parallelt med løypene. Generell øvre fartsgrense er 70 km/t. Med slede utan passasjer er maksimal fart 60 km/t, og med passasjer maks 40 km/t. All ferdsel skjer på eige ansvar!

Ved brot på løypereglane og lova, kan det gjevast eit førelegg på opp til kr. 15 000.

Dagsløyve kan enkelt kjøpast på Vinjenett
Sjå kart.

Ved kjøp av årsløyve kreves det medlemskap i ein av kommunens skuterklubbar.

Før turen – gjer deg kjent med dei reglande som gjeld, på Vinje kommune si heimside.

God skutertur!

Sjå kva du kan oppleva