Øyfjell Bygdemuseum

Øyfjell bygdemuseum har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi. Her kan du mellom anna sjå Noregs nest største ølhøne.

Aktivitetsinformasjon

Adresse: Øyfjellvegen 809, 3890 Vinje
Telefon: +47 35 06 90 90
E-post: post@vtm.no
Nettside: vtm.no
Facebook: facebook.com/oyfjellmuseum

Museumsbygningen er svært spesiell. Reist i kila granitt vart han bygd i 1931 for å kunne stå til evig tid. Museet har og eit gardstun med fleire eldre bygningar. Nokre av dei husar aktivitetar og utstillingar i sesong. I 2022 opna eit nytt kafébygg på tunet.

Sesong 25. juni – 15. august.
Omvising for grupper kan tingast heile året, så sant vér og føre tillet det.

(bilder frå Barnas dag 2023)

Laurdag - sundag: 11.00 - 17.00