Rundtur: Åmot – Dalen – Eidsborg – Høydalsmo – Åmot

Ei reise i natur, tradisjon og arkitektur i grannelaget vårt.

Aktivitetsinformasjon

Framkomst: Bil eller sykkel
Lengde: 77 km
Tilegna: Familievennleg bilreise, sykkel for dei sprekaste

Start reisa i Åmot, og opplev tettstadens kaféar og butikkar før turen går via ein omveg til Dalen. Fyrste stopp: naturfenomenet Ravnejuv. Ravnejuv er eit stup med 350 meters fall rett ned i Tokkeåi. Slepp eit lauv utfor kanten, og sjå det koma flygande i retur! Les meir om flotte Ravnejuv her.

Etter berre 6 min køyring vidare mot Dalen kan du svinge innom Telemarkssylv og smia til Ingrid. Ho lagar i hovudsak bunadssylv, men også smykke av ulike slag. Handgravering i ulike metall er eit varemerke for den vesle smia, som utøver handarbeid i tradisjonell form.

Dalen er neste stoppestad og byr på ei rekke opplevingar og aktivitetar. Kva med å vandre i hagen til det herskapelege Dalen Hotel? Eller nyte velvære og ei avslappande stund i den verdskjende badstova Soria Moria? Ein tur innom Dalen brygge kan me også anbefale. Her ligg kanalbåten til kai i sommarsesongen, og galleriet og kaféen held ope. Dalen har også flotte nisjebutikkar som absolutt er verd eit besøk!

No kan du klatre opp dei bratte liene og krappe svingane i Eidsborgberget. På toppen ligg grenda Eidsborg, kor landets minste stavkyrkje er plassert. Her finn du også Vest-Telemarkmuseet, kor du kan fylle på med både historie, kultur og god mat. I aktivitetsparken på tunet ligg mellom anna Telemarkskanalen i miniatyr. La ungane teste slusene før de vender heim!

Når du er god og mett og full av fine opplevingar går turen vidare til Høydalsmo og E-134, heimatt til Åmot.

Sjå kva du kan oppleva