Fjelltoppen Vehuskjerringa reiser seg nesten rett opp frå Åmot, og er 1356 meter høg. Den er eit relativt greitt toppturmål med litt kraftige joggesko eller fjellstøvlar.
Aktivitetsinformasjon
Lengde: | ca. 8 km |
Høgdemeter: | 1356 m.o.h |
Vehuskjerringa kan nåast på fleire måtar. Med start frå Mjåvasskaret på Fiskestigen (mellom Åmot og Øyfjell), er turen om lag 8,1km lang. Opp mot toppen er det berre dei siste 500 meterane som er bratte. God plass til å parkere, der turstien startar.
Les meir om turen her: https://ut.no/turforslag/1114362/topptur-til-vehuskjerringa