Praktisk informasjon

Ein dagstur gjennom Vinje – frå Åmot via Rauland, Arabygdi og Haukeli

Ca. 149 km rundtur | Ca. 2 t 25 min køyring utan stopp | Set av ein heil dag

Vinje rundt er ei stemningsfull rundreise gjennom kunst, kulturhistorie og storslått natur. Turen startar i Åmot og går via Rauland, Arabygdi og Haukeli før du vender tilbake til Åmot.

På vegen får du oppleve store kontrastar – frå kulturlandskap og fjellbygder til kunstmuseum, gamle gardstun, segner og dramatiske naturformasjonar.

Åmot – Rauland

Frå Åmot går turen mot Rauland gjennom ope landskap og tradisjonsrike gardar. På vegen får du utsikt mot Totak og Raulandsfjella.

I Rauland kan du besøke Dyre Vaa-samlingane, med skulpturar, måleri, grafikk og teikningar av kunstnaren Dyre Vaa.

Like i nærleiken ligg Skinnarlandsamlinga, med meir enn 100 verk av Knut Skinnarland.

Ta gjerne også turen innom Telemarkstunet ved Raulandsakademiet, der gamle bygningar, tradisjonar og aktivitetar gir eit innblikk i livet i Rauland før i tida.

Rauland – Arabygdi

Vidare går turen langs Totak mot Arabygdi.

Her finn du Myllarheimen, der den kjende felespelaren Myllarguten budde dei siste åra av livet sitt.

Like ved ligg Urbøuri, ei stor og særprega steinur som har gjeve opphav til fleire segner. Gjennom ura går den merka Torsvegen, ein tursti på om lag 1 km.

Arabygdi – Haukeli – Smørklepp

Frå Arabygdi går ferda vidare mot Haukeli og deretter tilbake langs E134 i retning Åmot.

Ved Smørklepp kunstmuseum kan du oppleve verk av Henrik Sørensen og Harald Kihle i eit særprega bygg av naturstein.

Like ved ligg Mjonøy, der du i sommarsesongen kan ta ein pause med mat og fersk bakst frå steinomnsbakeriet.

Tilbake mot Åmot

På veg tilbake kan du stoppe ved Vinjesenteret, det nasjonale senteret for dikting og journalistikk med utgangspunkt i Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.

Turen kan rundast av med eit besøk på Midtbø, kunstnarheimen der Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas budde.

Greit å vite

Lengde:  ca .149 km rundtur
Køyretid:  2 t 25 m utan stopp
Turtype:  Rundtur med bil
Rute :  Åmot-Rauland-Arabygdi-Haukeli-Åmot
Kven:  For alle aldrar

Sjå kva du kan oppleva

Reisa hit

Les meir

Ormetjønn – sentrumsnær rundløype og badestrand

Furufjell – lett fjelltur med vid utsikt

Sykkeltur til Ravnejuv