Konsert: «Solplomme» på Smørklepp kunstmuseum

Konsert: «Solplomme» på Smørklepp kunstmuseum

Dato: 22. september, 2024
Tid: 14:00 - 15:00
Sted: Smørklepp Kunstmuseum
© Mari Tveiti

Velkomen til haustkonsert i idylliske og kunstneriske Smørklepp!

Les meir

Informasjon

Konsert: «Solplomme» på Smørklepp kunstmuseum

Dato: 22. september, 2024
Tid: 14:00 - 15:00
Sted: Smørklepp Kunstmuseum
© Mari Tveiti

Velkomen til haustkonsert i idylliske og kunstneriske Smørklepp!

Les meir

Tingingsverket «Solplomme» blei skrive til Festspela i Ørsta i 2023 og hadde ein storslagen premiere ved ei seter inst i Romedalen. No kjem verket til Telemark og vert spelt på Smørklepp kunstmuseum sundag 22. september 2024!

I musikk og tekst har forfattar Anna Kleiva og musikar Vilde Tuv arbeidd med å spegle omgjevnadane og skape ei fortetta oppleving av ein bestemt augneblink midt på sommaren – jonsok. Ein sentral tanke er at når sola vender, står alt vidope. No kjem dei til eit Telemark der siste rest av sommarvarme kan henge att, og fargane i naturen speglar fargane i eit jonsokbål.

Tuv og Kleiva har tatt utgangspunkt i staden – i natur, klima og stemningar – som er spesifikt for Ørsta-området. Sola, blomane og bålet er viktige element, men dikta trekkjer også liner til tema som klima, fellesskap og uro. Musikalsk er verket samansett av omarbeidde feltopptak frå området, elektronikk, fløyter og vokal, framført i dialog med dikta.

Nyleg kom «Solplomme» som diktsamling på Oktober forlag. Det vil vere mogleg å kjøpe boka før og etter konserten.

«Solplomme» er ein del av samtidskunstfestivalen Kunst i spire. Festivalen er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Sørøst-Norge, Notodden kommune, Norsk Industriarbeidermuseum og Telemark Fylkeskommune. Meir informasjon finn de: https://kunstispire.usn.no/

Om kunstnarane:
Anna Kleiva (f. 1985) er ein prislønna forfattar og omsetjar som hovudsakleg arbeider med poesi og essayistikk. Sidan 2011 har ho gitt ut tre kritikarroste diktsamlingar på Oktober forlag. I tillegg gav ho i 2018 ut Echo Mountain, ei sjangeroverskridande og essayistisk hybrid-bok om Los Angeles, som utforskar byen frå ulike utsiktspunkt. Ho har også gitt ut chapbooks og skrive essays for mellom anna tidsskriftet Vinduet. Kleiva blir omtala som ei formmedviten og nyskapande poetisk stemme. I forfattarskapen behandlar ho tematikkar som stad, tilhøyrsle, natur, fridom, rørsle og språk. For diktsamlinga Vårar seinare (2015) fekk ho mellom anna Bjørnsonstipendet og Melsomprisen.

Bergensbaserte Vilde Tuv (f. 1986) har etablert seg som ein av Noregs mest interessante kunstnarar og musikkprodusentar. Melting Songs vann Spellemannprisen i 2021 i kategorien Elektronika. Med musikk rett frå hjartet, med klare melankolske undertonar, og ærlege, utfordrande produksjonar, har ho blitt møtt med strålande kritikkar frå norsk og utanlandsk presse. Om det nyaste albumet er det mellom anna sagt at det viser ei «Usedvanlig sterk personlig stemme» (Klassekampen).

Framsyninga varer i om lag 45 minutt.

 

Kontaktinformasjon

Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no
Heimeside: http://www.vtm.no