Hyllandsfoss Camping og Hyttegrend

Dette er campingen for deg som ynskjer å nyte det enkle liv – tett på naturen. Hyllandsfoss Camping omkransa av vakker natur- skog og vatn, berre 2 km frå Åmot sentrum og hovudvegen E134. Her får du ro, frisk luft og kort veg til alt du treng.

Kontaktinformasjon

Adresse:  Raulandsvegen 204, 3890 Vinje
E-post: post@grovencamping.no
Telefon: +47 909 56 484

Natur, ro og nærleik:

Hyllandsfoss Camping ligg vakkert til i frodig natur, med skog, vatn og stillhet – og likevel berre få minutt frå butikkar, servering og aktivitetar i Åmot. Her får du både ro og enkel tilgang til alt du treng.

Overnatting:

Plassen har:

  • 2 velutstyrte heilårshytter
  • 8 enkle campinghytter
  • 30 plassar for telt, bubil og campingvogn. Det er straumkapasitet til om lag 15 einingar.
  • Moderne sanitæranlegget med handikaptoalett, kjøkken og vaskerom

Enkel sjølvinnsjekk:

Campingplassen har sjølvinnsjekk – parker, skann QR-koden og betal opphaldet direkte via mobilen.

Det er ikkje mogleg med forhåndsbooking av campingplass eller enkle campinghytter.

Opplevingar frå plassen:

Frå Hyllandsfoss har du direkte tilgang turstiane Fløtarvegen og Hyljås, med utsikt, elv og skog på vegen. Me anbefalar også å oppleve den populære, vedfyrte badstoga hjå Spegle.
Badstoga ligg som vår næraste nabo. Den er mykje i bruk, så me anbefalar å reservere på førehand via spegle.no.

Velkomen til Hyllandsfoss

Her ventar ekte natur, stillhet og gode opplevingar – heile året.

 

Andre tjenestar

Sjå kva du kan oppleva