Search

Haustferie i Vinje!🍂

Velkomen til haust I Vinje! Her er det opplevingar for både liten og stor, og her kjem nokre tips til heile familien.

🍁 Besøk Vinjesenteret som er eit spenande og moderne senter for dikt og journalistikk. Godt tilrettelagt med aktivitetar for heile familien. I museumsbutikken kan du finne feriens lesestoff, og nyte litt enkel servering.
Ope tysdag til laurdag.

🍁 Yte og nyte? Kombiner nydeleg gjærbakst frå steinsovnsbakeriet på Mjonøy med vandring i lunt skogsterreng langs elva frå Mjonøy til målarlanskapet til Henrik Sørensen ved Smørklepp kunstmuseum.
Les meir om kulturløypa her.

🍁 Unn deg ein god lunsj, eit fristande kakestykke og ein kaffekopp på Kakeringen, den lokale kaféen vår.

🍁 Tysdag; konsert med Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland på Vinjehuset.
Duoen har endeleg slege seg saman att for eit nytt prosjekt, og du kan vente deg ein akustisk, morosam og stemningsfull konsert. Billettar her.

🍁 Fredag; konsert med Erik Lukashagen: Hans Børli å je, på Vinjehuset.
Billettar her.

🍁 Fredag; Kviss med vennegjengen på Groven Camping & Hyttegrend, kl. 20.00.
Ope frå kl. 18.00 – 23.00.

🍁 Laurdag; konsert for born med Erik Lukashagen: Oldefars koie, på biblioteket i Åmot.
Billettar her.

 

Sjå meir

Feiring av Aasmund Olavsson Vinje

Les meir

Foto: Luke Tennant

Påskeferie i Vinje! 🐣

Les meir

Foto: Luke Tennant

Grendelåmi, skirennet for heile familien.

Les meir

3-rettars middag på Groven Camping og Hyttegrend i Påska

Les meir