Vinjestoga
Rett ved Vinjesenteret ligg Vinjestoga. Her kan du høyre forteljinga om forfattaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje. Framleis står mykje av interiøret att frå den tida då Aasmund og familien hans budde der. Omvising i Vinjestoga kan tingast frå mai til november.
Midtbø
Sumaren 2026 tilbyr Vinjesenteret omvisingar i diktarheimen Midtbø, der diktarparet Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas budde saman frå 1934 og livet ut. Her skreiv dei mesteparten av bøkene sine, levde familieliv med to barn, tok imot kollegaer og andre gjester frå inn- og utland, og var aktive i norsk kulturliv både lokalt og nasjonalt.
Vinjerevla
Vinjerevla er eit broderiprosjekt i samarbeid med Vinje handverkslag, der gjester ved Vinjesenteret kan vere med å brodere ein 12,5 meter lang revle basert på diktsyklusen Storegut (1866) av Aasmund Olavsson Vinje. Saumen er så enkel at alle kan bli med!
Opningstider Vinjerevla:
Februar til april: onsdagar 11.00–15.00 22.
Juni–16. august: kvar dag 11.00–14.00
Litteraturdagane og andre arrangement
Vinjesenteret tilbyr arrangement gjennom året for både born og vaksne. Den største hendinga er festivalen Litteraturdagane som finn stad siste helga i september kvart år. Her kan du lese meir om festivalen og andre arrangement: Vinjesenteret
Omvising på Vinjesenteret kan tingast på e-post vinjesenteret@nynorsk.no eller på tlf. 46706073
Midtbø
21. juni –12.juli vil familien Vesaas ha omvisingar på Midtbø
Tysdag–sundag frå kl. 12–17
14. juli–16. August vil Vinjesenteret ha omvisingane
Tysdag–sundag frå kl. 12–17