Praktisk informasjon

Ein dagstur frå Åmot gjennom natur, kultur og historie

Ca. 77 km rundtur | Bil, eller sykkel for dei sprekaste | Set av god tid til stopp

Ta ein rundtur frå Åmot og opplev noko av det grannelaget vårt i Vest-Telemark har å by på. Turen går via Ravnejuv og Dalen, vidare opp til Eidsborg og tilbake til Åmot via Høydalsmo.

Start gjerne dagen i Åmot med ein kopp kaffi eller ein tur innom butikkane før du set kursen mot Dalen.

Ravnejuv

Eit av dei fyrste stoppa på turen er Ravnejuv, eit dramatisk utsiktspunkt med om lag 350 meter ned til Tokkeåi. Her får du eit imponerande møte med landskapet i Vest-Telemark.

Tradisjonshandverk på vegen

På vegen vidare mot Dalen kan du stoppe ved Telemarkssylv og smia til Ingrid, der tradisjonelt handverk framleis står sterkt. Her blir det laga mellom anna bunadssylv, smykke og handgravering i metall.

Dalen

I Dalen finn du små butikkar, brygga ved Telemarkskanalen og det historiske Dalen Hotel. Her kan du ta ein pause, rusle langs vatnet eller kombinere turen med eit besøk i den flytande badstoga Soria Moria.

Eidsborg

Frå Dalen går vegen vidare opp dei bratte svingane i Eidsborgberget til Eidsborg.

Her finn du Eidsborg stavkyrkje og Vest-Telemark Museum, der du kan bli betre kjend med historia og tradisjonane i regionen. For familiar er aktivitetsparken og Telemarkskanalen i miniatyr fine stopp undervegs.

Tilbake til Åmot

Frå Eidsborg går turen vidare via Høydalsmo og tilbake til Åmot.

Etter ein dag på vegen kan du avslutte rundturen i Åmot med mat, handel eller ein roleg kveld på camping.

Greit å vite

Lengde:  ca. 77km rundtur
Turtype:  Rundtur
Framkomst:  Bil, eller sykkel for dei sprekast
Sesong:  Sommar
Tidsbruk:  Set gjerne av ein heil dag dersom du vil stoppe fleire stadar undervegs

Sjå kva du kan oppleva

Reisa hit

Les meir

Ormetjønn – sentrumsnær rundløype og badestrand

Sykkelløype på Groven

Bibliotek og Utstyrsbank i Åmot