Lett tilgjengeleg i skogen på Groven finn du ei 900 meter lang flytløype for sykkel. Løypa har blå gradering og passar godt for born frå om lag 7 år og oppover.
Den gruslagde rundløypa slyngjer seg gjennom skogen mellom portalen og hyttegrenda. Store delar av traséen er kloppa med trebruer som gir god flyt og ei trygg, opplevingsrik sykling.
Langs løypa finn du små hopp og dropp for dei som ønskjer litt ekstra utfordring. Alle element kan også trillast forbi, noko som gjer løypa godt tilpassa ulike aldrar og ferdigheitsnivå.
I enden av flytløypa ligg ei eiga hoppline for vidarekomne syklistar. Hugs naudsynt tryggleiksutstyr når du syklar her.
I sommarmånadane har Groven Camping og Hyttegrend open kiosk med is, pizza og kalde forfriskingar.