Påskeferie i Vinje! 🐣

Velkomen til fjellpåske i idylliske Vinje!

Her er aktivitetar for både liten og stor heile påska.

🐣 Mjonøy har bakeriet sitt ope heile veka. Legg ruta di innom der for å smaka nydeleg gjærbakst! Også fint å ta med på skituren.

🐣 Book deg eit opphald i den unike saunaen til Spegle Hyllandsfoss.

🐣 Ta deg ein runde i «byen» vår, og besøk fleire av våre nisjebutikkar.

🐣 Besøk Vinjesenteret måndag, tysdag og onsdag. Her kan du blant ana få kjøpt deg lesestoff til påskekosen.

🐣 Legg ut på ski i flotte langrennsløyper – og hugs bollen frå Mjonøy!

🐣 AVLYST! Måndag 25. mars: Fullmånetur på truger til Solbjørgfjell med Vinje Turlag. Informasjon og påmelding her.

🐣 Onsdag 27.mars: Påskepubkviss på Vinjehuset.

🐣 AVLYST GRUNNA VÆRET! Skjærtorsdag 28.mars: Grendelåmi – det årlege familierennet som går frå Rauland til Øyfjell.

🐣 AVLYST! Skjærtorsdag 28.mars: Påskepubquiz på Bukkane Bruse, den lokale puben i Øyfjell. Quizen startar kl. 20.00
Butikken er elles ope palmesundag, måndag, skjærtorsdag frå 10.00 – 17.00, og påskeeftan frå 10.00 – 15.00. Påskeeftan blir det også sal av sveler!

🐣 Påskeeftan 30.mars: Påskeeggjakt i Åmot sentrum.

 

Velkomen til oss her i Vinje!

 

Sjå meir

Haustferie i Vinje!🍂

Les meir

Utvida bandtvang i Vinje

Les meir

Frå Litteraturdagane 2022. Foto: André Nesheim.

Litteraturdagane 26.-29. september 2024

Les meir

Sommaropning på musea våre, og Diktarheimen Midtbø

Les meir