Frå og med laurdag 15. juni kan du oppleve mykje moro på Vinjesenteret.
Få omvising i Vinjestoga! Kvar dag fram til sesongslutt 15. august tilbyr me omvising i Vinjestoga, barndomsheimen til Aasmund Olavsson Vinje.
Vandre i Fantasihagen! 2. klassingar frå Vinje kommune har teikna til bøker av Vegard Markhus, Maria Parr og Kari Stai, og teikningane står utstilt utanfor Vinjesenteret.
Oppleve Undreskogen! Biblioteket på Vinjesenteret blir gjort om til eit aktivitets- og opplevingsrom denne sommaren! Her kan du krabbe, lese, hoppe, leike og leite! Meir informasjon om Undreskogen kjem.
Jakte stolpar! Det vil kome 3 stolpar rundt Vinjesenteret. Registrer deg på stolpejakten.no og ver med på jakta i Vinje kommune!
Brodere Storegut! Prosjekt Vinjerevla, i samarbeid med Vinje handverkslag, startar denne sommaren i kjellaren på Vinjesenteret. Her kan DU vere med å formidle forteljinga om Storegut av Aasmund Olavsson Vinje – med nål og tråd!
Laurdag 15. juni kl. 15. kan du helse på teiknar Tarjei Østrem Svalastog og broderigognmakar Olav Rui. Vinjerevla vil vere open for besøkande torsdag–sondag kl. 11.30-14.00 gjennom sommaren.