Oppdag Vinje med Stolpejakta – eit gratis og familievenleg aktivitetstilbod som passar for alle aldrar. Her kan du kombinere tur, naturopplevingar og litt ekstra spenning medan du utforskar flotte stadar rundt om i kommunen.
I 2026 er det sett ut 54 stolpar, hovudsakleg lagde opp som fine rundløyper. Med Stolpejakten-appen registrerer du stolpane du finn ved å skanne QR-koden på kvar stolpe.
Klarer du å finne Gullstolpen?
Nytt av året er den nasjonale Gullstolpen. Éin av stolpane i Vinje er ein hemmeleg Gullstolpe. Finn du han, ventar det premie i næraste Sport1-butikk. Gullstolpar er òg plasserte ut fleire stader i landet, så du kan halde jakta i gang også når du er på reise.
Tre av stolpane er ABC for god psykisk helse-stolpar, som oppmodar til gode opplevingar saman med andre. Ta med familie, vener eller ein turkamerat, og opplev Vinje i lag.
Samlar du 25 stolpar eller meir, er du med i trekninga av fem gåvekort på 1 000 kroner som kan brukast hos valfri verksemd i Vinje kommune.
Er du glad i turar, kan du òg prøve Vinjetrimmen – eit gratis trimtilbod der du samlar poeng på utvalde turmål rundt om i kommunen gjennom sommaren og hausten.
Praktisk informasjon
- Gratis deltaking
- Passar for alle aldrar og ferdigheitsnivå
- 54 stolpar fordelt rundt om i Vinje
- Éin hemmeleg Gullstolpe
- Stolpane står ute til 11. oktober 2026, med atterhald om tidleg sno