Diktarheimen Midtbø

Diktarheimen Midtbø er ein levande diktarheim der nokre av dei mest sentrale verka i norsk litteratur blei til – i landskapet, stillheten og kvardagen som prega livet til Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas.

Aktivitetsinformasjon

Diktarheimen Midtbø ligg ved Europavegen 134 i Vinje. Her budde forfattarane Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas frå 1934 til 1970, då Tarjei døydde. Halldis budde vidare i Vinje og Oslo fram til ho døydde i 1995.

Midtbø var både heim og arbeidsstad, og ein viktig inspirasjonskjelde for diktinga deira. Naturen, årstidene og kvardagslivet på garden sette tydelege spor i verka – og gjev i dag ramma for eit stemningsfullt møte med norsk litteraturhistorie.

I dag er det Vinjesenteret som har ansvar for formidlinga og held Diktarheimen Midtbø open for publikum i sommarsesongen. Garden blir samstundes framleis nytta til privat bruk av familien, og besøkande blir bedne om å vise omsyn og respektere dette utanom opningstidene og i dei delane av området som ikkje er opne for publikum.

Sjå kva du kan oppleva