Sentrumsnær kultursti langs Hyllandsfoss
Ca. 2,6 km rundtur | Ca. 1 time | Middels krevjande
Fløtarvegen er ein sentrumsnær rundtur som tek deg tett på Hyllandsfoss og historia langs elva.
Turen startar ved Groven Camping og Hyttegrend, med stistart ved badedammen på campingplassen. Herfrå følgjer du Fløtarvegen oppover langs elva. Stien går gjennom skogsterreng og har noko stigning, med enkelte brattare parti. Undervegs finn du fleire fine stopp med utsikt mot fossen og elva.
Når du kjem til enden av Fløtarvegen, kryssar du brua på Hylland. Herfrå held rundturen fram via Steimerre, før du kjem til Ja-benken og vidare mot Leirli.
Strekninga over Steimerre og vidare mot Ja-benken og Leirli vart oppgradert hausten 2026 og har fått nytt grusdekke. Turvegen slyngar seg fint gjennom tett furuskog, med fleire utsiktspunkt mot Hyllandsfossen undervegs.
Ved Ja-benken er det fint å ta ein pause og nyte utsynet mot fossen før du held fram mot Leirli og vidare tilbake mot Groven Camping/ Åmot sentrum.
Langs turen finn du spor etter historia langs vassdraget, med kulturminne knytte til mellom anna tømmerfløyting, mølledrift og kraftproduksjon.
Ver varsam ved vatnet. Elva er regulert, og både straum og vassføring kan variere.
Ynskjer du ein lengre tur?
Ynskjer du ein lengre tur, kan du gjerne kombinere rundturen med Hyljås.