Praktisk informasjon

Følg stien langs Hyllandsfoss, der tømmerfløytarane ein gong arbeidde. Langs elva finn du spor etter fløyting, gamle steinmurar, møller og kraftproduksjon – tett på sentrum i Åmot.

Fløtarvegen er ein familievenleg tursti med noko stigning enkelte parti. Undervegs finn du fleire fine stopp ved elva, med moglegheit for både pausar og eit friskt bad på varme dagar. Ver varsam ved vatnet – elva er regulert og straumen kan variere.

Turen kan startast frå begge endar:

frå Groven Camping og Hyttegrend eller Vinje Kroa via Forsvarsmuseet
eller frå Hyllandsfoss Camping og Hyttegrend.

Det er også fint å gå turen som ei rundløype via Steimerre, eller forlenge turen vidare opp til Hyljås med utsikt over Hyllandshylen og mot Vehuskjerringa.

For meir utfyllande turbeskrivelse og kart, sjå gjerne turen på UT.no.

Greit å vite

  • Tursti med noko stigning
  • Delvis familievenleg
  • Kan gåast som rundløype
  • Kort avstand frå sentrum i Åmot
  • Mogleg å forlenge turen til Hyljås

Greit å vite

Sesong:  Sommar, vinter
Aktivitetar:  Kultur, bading, tur

Sjå kva du kan oppleva

Reisa hit

Les meir

Sykkeltur til Ravnejuv

Symjebasseng i Åmot

Rundtur gjennom Vest-Telemark