Furufjell

Ein populær topp-tur både vinter og sumar!

Aktivitetsinformasjon

Lengde : omlag 4 km
Høgde : 979 moh.
Turen startar frå Fiskestigen (fv 854), om lag midtvegs mellom Hylland og Øyfjell.
Mellom Fjøsteigane (geiteseter/hytte) og parkeringa til Vehuskjerringa finn du startpunktet og skilting mot Furufjell.
Dette er ein lett og fin tur der du ikkje treng særskilt utstyr anna enn godt fottøy. Du startar gjennom myrterreng, så fjellsko eller støvlar er å anbefale om sumaren. På vinteren treng du også godt fottøy, men eit par truger kan også vera lurt å ha. Lett stigning heile vegen, og ein fantastisk utsikt på toppen.

Sjå kva du kan oppleva