Skiløyper i Vinje

Jønnardalen-s-4939

Skiløyper i Vinje

Fine, oppkøyrde skiløyper ventar på deg både i Åmot, Våmartveit, Kostveit og på Hyllandshei. Ljosløypa på 3km ligg i Åmot Sentrum. Skiløypene blir tråkka på dugnad av bygdas eldsjeler i Vinje IL og Vinje Løypelag.

Ynskjer du skitur i høgfjellet kan skidestinasjonane Rauland og Haukeli tilby fantastiske langrennsløyper, med sesong frå november til mai.

Sjekk appen skisporet.no for løypekart, der ser du også når det sist var tråkka og gode smøretips.

God tur og gje låm!

Trugutleige  – Sjå meir her: Grovencamping.no

Facebook
Twitter
E-post
Print
nn_NO