Groven Camping & Hyttegrend

Ein tradisjonsrik familiecamping i Vinje, berre 250m frå Åmot sentrum. Nyt rolege dagar med aktivitetar som bading, fisking, sykling og vandring.

Kontaktinformasjon

Adresse: Raulandsvegen 41, 3890 Vinje
E-post: post@grovencamping.no
Telefon: +47 909 56 484
Booking & mer info: grovencamping.no

Plassen har 10 velutstyrte heilårsopne hytter, 10 enkle sommaropne campinghytter, 42 tilrettelagte bubilplassar med eigen plen og innkøyring på grus. Området har moderne tømmestasjonar og to sanitæranlegg.

I tillegg er det ca. 50 caravan-/teltplassar.

Campinghyttene er ombygde gamle tømrer frå Groven gard og nærområdet, og utgjer eit lite idyllisk tun. Tunet inneheld trev, låve, loft, stabbur, eldhus og «dobbelhytte». Loftet er truleg ei av dei eldste campinghyttene i Noreg, med sine 700 år.

I sommarmånadane har plassen open kiosk med uteservering av mat og drikke, tre leikeplassar, geitekje på beite og eigen badedam med flytebrygger. Det er også gode turmoglegheiter frå plassen. Gratis fiske og utlån av båt i Ormetjønn.

Velkomen!

Andre tjenestar

Sjå kva du kan oppleva