Search

Vinjedagen 2023 – 40år

Vinjedagen 40 år! Eit smekkfult program frå morgon til kveld gjorde att mange tok turen til tross for eit varierande vær. Over 50 utstillerar på dagtid, og 750 solgte billettar til kveldsarrangementet gjorde dagen topp.

På dagtid hadde me aktivitetar som bygdekviss i naturstiform for heile familien, oppkøyring på John Deere traktor for dei minste og lasertag med NorsjøFun, der alle såg ut til å vere populære. På scena var det underhaldning og politisk holmgang.
Mange flotte utstillerar, og mykje forskjellige varer å få kjøpt og sjå på. Gode tilbod i dei lokale butikkane.

I anledning jubileumsåret så arrangerte me Åmot sin fyrste store utekonsert, med sjølvaste Vassendgutane.
Som oppvarming hadde me Bingokongen, med sitt moderne bingospel. Begge delar var særs godt tatt i mot av alle som tok turen. Ekstra moro var det når me kunne ta i bruk det gamle billagsbygget som festlokale.

Sjå meir

Feiring av Aasmund Olavsson Vinje

Les meir

Foto: Luke Tennant

Påskeferie i Vinje! 🐣

Les meir

Foto: Luke Tennant

Grendelåmi, skirennet for heile familien.

Les meir

3-rettars middag på Groven Camping og Hyttegrend i Påska

Les meir