Vinjesenteret

Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk. 26.–29. september arrangerar me Litteraturdagane.

Aktivitetsinformasjon

Sesong: Sommar, Vinter
Adresse: Vinjevegen 1441, 3890 Vinje
E-post: post@nynorsk.no
Telefon: + 47 46 29 98 04
Nettside: nynorsk.no/vinjesenteret/
Facebook: facebook.com/vinjesenteret
Instagram: instagram.com/vinjesenteret/

Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i journalisten og diktarane Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.

Gjestane får innblikk i kva dikting og journalistikk fortel om oss menneske, og kva det tyder for oss. Senteret inneheld ei utstilling med utdrag frå bøkar og journalistikk, bilete, sitat, flotte digitale installasjoner, spel om kjeldekritikk, barneløype, barnevegg, lesekrok og ei boksamling.

Me har også enkel servering i resepsjonen, og ein liten museumsbutikk.

I sommarsesongen som startar 15. juni til 15. august, har senteret ope kvar dag – Velkomen innom!

Måndag - sondag : 11.00 - 17.00

Sjå kva du kan oppleva