Velkomen til Vinjedagen i Åmot sentrum laurdag 22. august
Gjennom dagen blir sentrum fylt med salsbodar, utstillarar, aktivitetar, underhaldning og gode tilbod i butikkane. Det blir liv i gatene, aktivitetar for born og Vinjecup på Åmot stadion.
Når kvelden kjem, held feiringa fram med fest og levande musikk frå The bootsband på Vinjehuset.
Vinjedagen er ein triveleg marknadsdag midt i Åmot sentrum.
Dette skjer under Vinjedagen:
🎪 Marknadsdag med salsbodar og utstillarar
🛍️ Gode tilbod i butikkane
🎶 Underhaldning og aktivitetar gjennom dagen
👨👩👧 Aktivitetar og leik for born
⚽ Vinjecup på Åmot stadion
🎵 Fest med levande musikk på Vinjehuset om kvelden
🌿 Utstillarar og salsbodar
Ynskjer du standplass under Vinjedagen?
Me ynskjer både lokale aktørar, lag, organisasjonar og tilreisande utstillarar velkomne til marknadsdagen i Åmot sentrum.
Standplass er gratis.
Ved behov for straum gjeld følgjande prisar:
🔌 16A – 200 kr
🔌 32A – 400 kr
⚠️ Ved sein avbestilling eller manglande oppmøte blir det fakturert eit gebyr på 1000 kr (+ eventuell straumkostnad).
📅 Frist for avmelding: måndag 12. august.
Påmelding
Påmelding skjer på e-post til:
✉️ vinjedagen@gmail.com
I e-posten må du opplyse om:
- kva du skal selje
- kor stor plass du treng
- om du treng straum
- kor mykje straum du treng
- fakturainformasjon
Utstillarar med større straumbehov vil få beskjed om å avtale direkte med straumansvarleg.
📞 Kontakt:
Vinje Folkeakademi v/ Signe Marie
Tlf: +47 958 97 895
✉️ vinjedagen@gmail.com
Vinje Næringslag v/ Elin Hommo
Tlf: +47 97151151
✉️ visitvinje@gmail.com



