Laurdag 28. november inviterer me til joleopning i Åmot sentrum! Det blir jolemarknad, gratis joleverkstadar, joleparade, fakkeltog og tradisjonell jolegrantenning. Ta med familie og vener til ein triveleg førjolsdag i Åmot!

Program for dagen

  • Kl. 10.00–15.00 | Jolehandel i sentrum
    Butikkane held ope med gode tilbod.
  • Kl. 11.00–21.00 | Vinjekroa
    Held ope og serverer joletallerken.
  • Kl. 12.00–15.00 | Joleverkstadar
    Gratis aktivitetar for heile familien hjå fleire bedrifter i sentrum.
  • Kl. 13.00–16.00 | Jolemarknad ved Silkevippa
    Lokale utstillarar, fyr i bålpanna, gløgg og pepperkaker.
  • Kl. 13.00–16.00 | Groven Camping
    Inviterer til grautservering.
  • Kl. 15.00 | Joleparade og fakkeltog
    Frå Groven Camping til hotelltomta.
  • Kl. 15.30 | Jolegrantenning
    Song, gang rundt joletreet og kanskje besøk av jolenissen!

Nytt i år – joleverkstad i sentrum!

I år inviterer næringslivet til gratis joleverkstadar rundt om i sentrum. Her kan borna vere kreative og lage noko fint til jol!

  • Galleri R.K.D, Fristadsenteret: Lag dine eigne jolekort.
  • Draumheim, Fristadsenteret: Lag jolepynt.
  • Blomen: Lag koppar med fuglemat i hagen.
  • Groven: Pynt pepperkaker.

Alle aktivitetane er gratis. Born må vere i følgje med ein vaksen.

Jolemarknad ved Silkevippa

Silkevippa og Vinje Næringslag inviterer til tradisjonell jolemarknad i tunet ved Silkevippa.

Her blir det lokale utstillarar, sitjebenkar, fyr i bålpanna og gratis gløgg og pepperkaker.

(📸 Ta årets jolekortbilete! Fotograf Mona Kasin blir på plass og tilbyr fotografering for dei som ynskjer eit fint jolebilete.)

Nytt i år – bli med på joleparaden!

I år inviterar me til eit litt annleis fakkeltog!

Me ynskjer å samle små køyretøy som mopedbilar, UTV-ar, firehjulingar og tråtraktorar. Spark og kjelkar er også velkomne, dersom vêr og føre tillèt det.

Pynt gjerne med lys, glitter eller granbar – her er det berre fantasien som set grenser! Hugs berre å ta omsyn til sikt og tryggleik.

Vinjebilberging leier paraden frå Groven Camping, vidare forbi Forsvarsmuseet og fram til hotelltomta.

Me inviterer også alle små og store nissar til å bli med i fakkeltoget bak paraden! Finn fram nisselua, mal deg raude kinn og kanskje nokre fregner på nasen – så fyller me Åmot med smånissar og jolestemning!

Tryggleiken kjem fyrst, og me tek difor atterhald om vêr- og føreforhold for gjennomføring av paraden.

Jolegrantenning og nissebesøk

Me avsluttar dagen med tradisjonell jolegrantenning på hotelltomta. Her blir det jolesongar og gang rundt joletreet.

Og kven veit – kanskje er me heldige og får besøk av sjølvaste jolenissen?

Velkomen til ein stemningsfull førjolsdag i Åmot! 

 

Sjå foto og videoar

Les meir

Bli med og bygg Pepperkakebygda Åmot 2026!

Joleopning i Åmot – ein dag full av jolestemning!

Jolemarknad ved Silkevippa i Åmot