Fiske

Vinje byr på gode fiskemoglegheiter i eit variert landskap av vatn, elvar og fjellnatur – for både erfarne fiskarar og familiar på tur.

Aktivitetsinformasjon

Kjøp fiskekort: inatur.no/
Kven: For alle aldrar

Fiske i Vinje

Med eit stort mangfald av innsjøar, elvar og fjellvatn er Vinje ein draumestad for deg som likar å fiske. Enten du er på jakt etter stor fisk eller berre vil nyte ein roleg dag ved vatnet saman med familien, finn du gode fiskemoglegheiter her.

I Vinje kommune ligg hundrevis av små og store vatn, som til saman dekkjer om lag 250 km². Den kalkrike berggrunnen har verna vatn og elvar mot forsuring, noko som gjev fisk av høg kvalitet. Aure og røye trivst godt her, og den rike tilgangen på krepsdyr gjev fisken det karakteristiske raudfarga kjøtet.

Områda Rauland, Haukeli og Vinje byr på eit variert fisketilbod. For å fiske må du kjøpe fiskekort som gjeld for det vatnet eller vassdraget du ønskjer å fiske i.

Born under 16 år kan fiske gratis, men må ha med gyldig legitimasjon. Fiskekort kan enkelt kjøpast via Inatur. For meir detaljert informasjon om fiskemoglegheitene i Vinje, sjå Fiskeguiden.

Så grip fiskestanga og nyt naturen – skitt fiske!

Sjå kva du kan oppleva