Forsvarsmuseet i Vinje

Forsvarsmuseet i Vinje er eigd av Vinje kommune og blir drifta av Venelaget for Vinje Forsvarsmuseum.

Aktivitetsinformasjon

Adresse: Vinjevegen 133, 3890 Vinje
Telefon: + 47 99 44 92 30
Facebook: facebook.com/profile.php?id=100065177282864

Vårt mål er å informere om kamphandlingane i Vinjesvingen i 1940, livet under krigen og ha utstillingar knytt til dette.

Me har også som mål å kunne informere om forsvarshistorie i Vinje og Vest-Telemark, med gjenstandar og utstillingar som omhandlar personar og operasjonar som er gjennomført i vår teig.

Me har særleg fokus på å informere ungdom i nærområdet. Skuleklassar er difor hjarteleg velkomne.

Museet er ope for omvising om sommaren, for meir informasjon og evt. bestilling av omvising med guide utanfor sesong – ta kontakt.

Bilder: Forsvarsmuseet

Sjå kva du kan oppleva