Vinjesenteret

Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk, med utgangspunkt i liv og verk etter Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas. Gjennom utstillingar, arrangement og formidling skapar Vinjesenteret engasjement rundt litteratur, språk og journalistikk – for både born, unge og vaksne.

Aktivitetsinformasjon

Sesong:  Sommar, Vinter
Adresse:  Vinjevegen 1441, 3890 Vinje
E-post: post@nynorsk.no
Telefon: + 47 46 29 98 04
Nettside: nynorsk.no/vinjesenteret/
Facebook: facebook.com/vinjesenteret
Instagram: instagram.com/vinjesenteret/

Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk, med utgangspunkt i liv og verk etter Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas. Gjennom moderne utstillingar får gjestane innblikk i kva dikting og journalistikk kan fortelje oss om menneske, samfunn og samtid.

Utstillinga inneheld utdrag frå bøker og journalistikk, bilete, sitat og digitale installasjonar, i tillegg til spel om kjeldekritikk, barneløype, barnevegg, lesekrok og ei rik boksamling. Dette gjer Vinjesenteret til ein stad der både born, ungdom og vaksne kan utforske språk og litteratur på sine eigne premissar. I resepsjonen finn du enkel servering og ein liten museumsbutikk.

Vinjesenteret nyttar òg arrangement som ein viktig del av formidlinga. Gjennom året blir det halde føredrag, samtalar, opplesingar og andre litterære møteplassar som løftar fram språk, litteratur og samfunnsspørsmål. Senteret tilbyr eigne program for skuleklassar, tilpassa ulike alderstrinn, med vekt på leselyst, refleksjon og kjeldekritikk.

Kvart år arrangerer Vinjesenteret Litteraturdagane, hovudarrangementet deira, som går over tre dagar og samlar forfattarar, formidlarar og publikum til eit mangfaldig program med litteratur, språk og kultur i sentrum.

Vinjesenteret tilbyr også guida turar i Vinjestoga, barndomsheimen til Aasmund Olavsson Vinje, der litteraturen blir knytt tett til stad, liv og landskap.

 

Måndag - sondag :  11.00 - 17.00

Sjå kva du kan oppleva