Vinje er rikt på natur, med skogar rause på både bær og sopp.
Aktivitetsinformasjon
Sesong: | Sommar og haust |
Kven: | For alle aldrar |
Bærsesongen byrjar forsiktig i juni med søte, små markjordbær i grøftekanten. I juli bognar skogen av blåbær og bringebær, og i august lyser myrane gult av saftige, mogne molter. Fyrst i september bør du oppsøke hogstområda for tytebær. Gjev dei gjerne ei frostnatt eller to, for då smakar dei ekstra godt! Ulike soppartar finn du også i Vinje sine skogar, men husk å lese deg godt opp fyrst.
God tur!