Vinjevatn langs E134 byr på roleg og idyllisk padling i vakker natur. Vatnet eignar seg godt for både kajakk og kano, og området har rikt dyreliv – her kan du vere heldig å sjå både elg, bever og mindre dyr som røyskatt.
Du kan setje ut kajakk eller kano ved Tveito-demningen. Ver merksam på at det kan vere straum i vatnet når det blir sleppt vatn frå demningen. Dei første kilometrane er smale og svingete, med enkelte parti med sterk straum.
For nybyrjarar er det tryggast å starte padleturen ved Særensgrend. Her er vatnet breiare og rolegare, og du finn mange fine stader å gå i land – til rast, fiske eller enkel camping. Padlar du frå demningen til vestsida av vatnet og tilbake att, er turen på om lag 20 km.
Tips:
– Vinjevatn kan vere kaldt sjølv på varme sommardagar – bruk alltid redningsvest.
– Øvst i vatnet ligg Sandnes strand, ei lang og fin sandstrand som passar godt for bading og pause.
– Hugs fiskekort dersom du ynskjer å ta med deg fiskestang.
Ha ein fin og trygg padletur!