Praktisk informasjon

Unik badstogeoppleving ved Hyllandshylen Hjå Spegle Hyllandsfoss i Åmot kan du oppleve ei særprega badstoge plassert på ein historisk steinmur frå tømmerfløytinga i Vinje. Her møtest moderne arkitektur, lokal historie og natur i vakre omgjevnader ved Hyllandshylen.

Badstoge, natur og historie ved Hyllandshylen

Hjå Spegle Hyllandsfoss i Åmot finn du ei heilt spesiell badstoge, plassert på ein historisk steinmur frå tømmerfløytinga i Vinje. Her møtest moderne arkitektur, lokal historie og natur i vakre omgjevnader ved Hyllandshylen.

Den stilreine badstoga speglar seg i vatnet og skogen rundt, med Hyllandsfossen og gamle steinmurar like i nærleiken.

Badstoga ligg om lag 2 km frå Åmot sentrum. Ei tilrettelagd trebru fører deg ut til badstoga, og her kan du kombinere varmen frå den vedfyrte omnen med eit friskt bad i Hyllandshylen.

Spegle er populær, så det er lurt å bestille på førehand dersom du vil sikre deg tid.

Eit besøk kan også fint kombinerast med ein tur langs Fløtarvegen, eller med rundturen til Hyljås.

 

Greit å vite

Aktivitet:  Badstoge og bading
Booking: Klikk her for å sjå
Sesong:  Heile året

Sjå kva du kan oppleva

Les meir

Vintersykling i Øyfjell – Fatbike

Løypenett for skuter

Sykkelløype på Groven