Praktisk informasjon

Unik badstogeoppleving ved Hyllandshylen

Hjå Spegle Hyllandsfoss i Åmot, Vinje, kan du oppleve ei heilt unik badstoge plassert på ein historisk steinmur frå fløtarhistoria i Vinje. Her møtest moderne arkitektur, historie og natur i vakre omgjevnader ved Hyllandshylen.

Den stilreine badstoga speglar seg i det stille vatnet og skogen rundt, med nærleik til fossen og steinmurane frå ei tid då tømmerfløytinga prega området.

Opplevinga er lett tilgjengeleg, berre om lag 2 km frå Åmot sentrum. Ei tilrettelagd trebru leier deg ut til badstoga, og området er godt tilrettelagt for eit forfriskande bad i Hyllandshylen.

Spegle kombinerer det enkle og naturlege med moderne design og rolege omgjevnader. Den vedfyrte badstoga gir ei lun og stemningsfull oppleving med levande flammar, knittring frå omnen og stille vatn rundt deg.

Badstova er svært populær, så det kan vere lurt å booke på førehand dersom du ønskjer å sikre deg opplevinga. Eit besøk kan også fint kombinerast med ein tur langs turstien Fløtarvegen eller ei vandring opp mot Hyljås med utsikt over Hyllandshylen.

Greit å vite

Aktivitet: Badstoge og bading
Booking: Klikk her for å sjå
Sesong: Heile året

Sjå kva du kan oppleva

Les meir

Rundtur gjennom Vest-Telemark

Vinje rundt- kunst, kultur og landskap

Vintersykling i Øyfjell – Fatbike