Ormetjønn
Midt i Åmot sentrum finn du Ormetjønn – ein familievenleg og tilrettelagd badeplass med sandstrand, leikeplass, flytebrygge med stupebrett og ei flott rundløype rundt vatnet. Her er det god plass til både leik, bading og avslapping, og vatnet blir ofte behageleg varmt på fine sommardagar.
Sandnes
Ved Sandnes finn du ei fin og roleg badestrand ved Vinjevatn. Her kan du nyte lange sommardagar med god plass, vakker natur og eit forfriskande bad.
Groven Camping
Groven Camping har eit barnevenleg tjern med brygger og gode bademoglegheiter. Badeplassen ligg idyllisk til inst på campingområdet og passar både for campinggjester og dagsbesøkande. Ta gjerne kontakt med resepsjonen om parkering og løyve til å nytte området.
Elvekulpar i Åmot
Der to elver møtast, finn du Åmot. Langs elvane ligg fleire naturlege kulpar som innbyr til eit forfriskande bad på varme sommardagar. Når sola har varma opp berg og vatn gjennom fleire dagar, kan vasstemperaturen bli overraskande god.
Ver merksam på at delar av vassdraget er regulerte, og at vassføringa kan variere. Vurder alltid forholda før du badar.
Badstoge ved Hylen
Ønskjer du ei litt annleis badeoppleving, kan du besøkje den vedfyrte badstoga hjå Spegle ved Hyllandshylen. Badstoga ligg på ein historisk steinmur ute i vatnet, med moglegheit for ein forfriskande dukkert rett utanfor døra. Ei unik oppleving der natur, historie og velvære møtest. Badstoga må bookast på førehand.