Sentrumsnær utsiktstur frå Åmot
Ca. 6,4 km t/r | Ca. 2 timar | Middels krevjande
Vil du ha utsikt utan å reise langt frå Åmot sentrum? Turen til Kappelnuten og Fonnlinuten tek deg gjennom lun furuskog og vidare opp til flotte utsiktspunkt over bygda og nærområdet.
Den merka turstien startar ved Groven Camping. Her finn du parkering og turistinformasjon i sommarsesongen. Det er også mogleg å starte frå Vinje Vegkro i Åmot sentrum og gå forbi Forsvarsmuseet fram til den merka stien.
Kappelnuten er det fyrste utsiktspunktet på turen. Her står ei gul solseng i tyttebærlyngen med utsikt over Åmot. Kappelnuten er eit fint turmål i seg sjølv dersom du berre ynskjer ein liten beinstrekk – og på stille sommarkveldar er dette ein flott stad å sjå sola gå ned.
Turen passar også godt dersom du ladar elbilen i Åmot og vil bruke ladetida på ein kort, sentrumsnær fottur.
Vil du gå vidare, følgjer du den merka stien mot Fonnlinuten. Frå Kappelnuten er det om lag 2,7 kilometer ein veg. Turen går vidare gjennom skogsterreng, med nokre brattare parti som får pulsen litt opp mot slutten.
På Fonnlinuten, om lag 650 moh, får du eit vidare utsyn over Åmot og nærområdet. På toppen finn du postkasse. Same merka sti følgjast tilbake.


