Praktisk informasjon

Midt i Åmot ligg Ormetjønn – eit triveleg turområde for heile familien med rundløype og barnevenleg badestrand.

Skogsvegen rundt vatnet er om lag 3 km lang, med skilta avstikkarar til mellom anna tuftene etter gamle husmannsplassar og Trolldomssteinen. Vågar du deg forbi?

Løypa passar også fint for sykkel om du likar litt terreng. Vinterstid går lysløypa for langrenn gjennom området.

Ormetjønn er eit tjern utan tilførsel frå bekk eller elv, der auren gyter på varme oppkom – noko som er ganske unikt. Det gjev også behagelege badetemperaturar store delar av sommaren.

Greit å vite

Sesong:  Sommer, Vinter

Sjå kva du kan oppleva

Reisa hit

Les meir

Skiløyper i Vinje

Sykkelløype på Groven

Symjebasseng i Åmot