Skiløyper i Vinje

Ei magisk vinterverd ventar på deg i Vinje. Vakkert preparerte skiløyper inviterer deg inn i eventyret!

Aktivitetsinformasjon

Sesong: Vinter
Lengde: Variert

I Vinje ventar milevis med preparerte skiløyper på deg. Du kan utforske løypene i Åmot, Våmartveit, Kostveit og på Hyllandshei, der eldsjeler frå Vinje IL og Vinje Løypelag legg ned tallause dugnadstimar for å halde løypene i topp stand.

Om du føretrekkjer langrennsturar i høgfjellet, er Rauland og Haukeli skidestinasjonar med fantastiske langrennsløyper som er opne frå november til mai. Du kan enkelt finne løypekart og få oppdateringar om løypeforhald og smøretips ved å bruke appen skisporet.no 

Så ta med deg skiene hit, og oppdag kor vakkert Vinje er om vinteren. God tur!

Sjå kva du kan oppleva