Search

Vinterferie i Vinje ❄️

Velkommen til vinterferie i vakre Vinje!

❄️ Tysdag 20. februar: Kinotid! På Vinjehuset snurrar to filmar på lerretet denne kvelden.
Familiefilmen Superkompisene og actionfilmen Argylle.
Informasjon og billettar til bygdekinoen finn du her.

❄️ Onsdag 21. februar: Forsvarsmuseet har ope mellom kl. 13. 00- 15.00, og ynskjer deg velkomen innom for ein spennande prat om Vinje sin forsvarshistorie og kamphandlingane i 1940. Det er også mogeleg å sjå ein del gjenstandar frå tida.
Ein time omvisning i grupper på 10 – 12stk.

❄️ Torsdag 22. februar: Poesikonsert på Vinjesenteret med Stein Versto og Per Anders Buen Garnås

❄️ Fredag 23. februar: Kviss på Groven Camping

❄️ Laurdag 24. februar, kl. 12.00 – 13.30: Ukraina markering på Vinjehuset. Tale ved ordførar, den ukrainske nasjonalsangen, utval av forteljingar frå ukrainske flyktningar i Vinje, konsert med ukrainsk musikk og servering av kaffe.

❄️ Spenn på deg skia og ta turen i Vinje sine langrennsløyper; kart over desse finn du på skisporet.

❄️ Både sentrumsnært og utanfor finn du mange flotte turløyper du kan rusle i, og nyte skogens ro.
I turguiden vår har me lagt inn dei mest populære turane. På nokre av desse kan det vera fordel å bruke truger.
Om du skulle mangle noko til turen din kan du låne i utstyrsbanken til Vinje frivilligsentral.

❄️ Vinje kommune er ein av få kommunar i landet som har eige løypenett for fritidskøyring med snøskuter, og kanskje er det nettopp ein skutertur som ventar deg i vinterferien? Kart og løyve finn du her. NB! Sjå åtvarig om utrygg is på Totak frå Vinje kommune!!

❄️ Unn deg ein god lunsj, eit fristande kakestykke og ein kaffekopp på Kakeringen, den lokale kaféen vår.

❄️ Ynskjer du å gjera middagen enkel, er Vinje Pizza og grill og Vinjekroa to koslege stadar å setje av litt tid hjå.

❄️ Er du tøffare enn toget og likar det litt spenstig kan me friste med både badstoge og isbading hjå Spegle Hyllandfoss.
Booking på: https://www.spegle.no/.

❄️ Besøk Vinjesenteret, som er eit spennande og moderne senter for dikt og journalistikk. Godt tilrettelagt med aktivitetar for heile familien. I museumsbutikken kan du finne feriens lesestoff, og nyte litt enkel servering.
Ope tysdag til laurdag.

❄️ Shoppehumør? Åmot sentrum har eit godt utval med butikkar, varer og tjenestar.

❄️ Finn ro i Vinje med overnatting! Hotellrom i eitt med naturen og loft på over 700 år er nokon av dei eksklusive overnattingsmoglegheitene me kan tilby.
Groven Camping og Hyttegrend  kjem du tett på tradisjon og byggskikk knytt til staden. Med bygningar på mange hundre år, er det ganske unikt å tilbringe tid her.
Spegle Hyllandsfoss tar deg med på ei magisk reise, med yrande dyrleliv rett på utsida av soverommet. Hotellrommet er laga med glassvegger rundt, og gjev deg derfor ein heilt spesiell følelse. Ute på den gamle historiske fløtarmuren finn du ei  tilhøyrande varm og god badstoge, og eit hol i isen til eit forfriskande isbad.

Me ser fram til å sjå deg! Velkomen skal du vera til oss.

 

 

 

Sjå meir

Ny app med informasjon frå kommunen

Les meir

Fyrverkeri til nyttår!

Les meir

Opningstider i jola 🎄🌟

Les meir

Barnekunstutstilling på Vinjesenteret

Les meir