Vinje er kjent for sterke kulturtradisjonar, levande bygdeliv og historier som sit djupt i landskapet. Her går natur, historie og kultur hand i hand – frå diktarheimar og kunstmuseum til levande handverkstradisjonar, steinmurar langs fossen og små møteplassar med lukt av nysteikt bakst.

«Vinje er som Paris, kvar kvadratmeter har si historie», sa kunstmålaren Henrik Sørensen. Det er lett å forstå kva han meinte. I Vinje finn du spor etter menneske som har levd tett på naturen gjennom generasjonar – frå støylsliv og handverk til litteratur, kunst og industrihistorie.

I fotspora til diktarar og forteljarar

Sentralt ved E134 ligg Vinjesenteret – eit moderne museum for litteratur og journalistikk. Her kan du bli kjend med Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa gjennom utstillingar, sitat og digitale installasjonar. Rett ved ligg Vinjestoga, barndomsheimen til Aasmund Olavsson Vinje.

Vinjesenteret har ope heile året, men opningstidene varierer etter sesong. Her blir det også arrangert omvisingar i Vinjestoga og på diktarheimen Midtbø.

Midtbø budde diktarparet Tarjei og Halldis Moren Vesaas frå 1934 og livet ut. Her skreiv dei store delar av forfattarskapen sin, omgitt av naturen som inspirerte mykje av diktinga deira. Diktarheimen er framleis i familien sitt eige, og oppdaterte tider for omvising finn du her.

Kunst og kultur i landskapet

Mellom Mjonøy Bakeri & Camping og Smørklepp kunstmuseum går ei stemningsfull kulturvandring gjennom lett skogsterreng langs elva. Her møtest kunst, kultur og natur i det same landskapet som inspirerte kunstnarane Henrik Sørensen og Harald Kihle.

På Smørklepp kunstmuseum kan du oppleve ei rik samling måleri i eit særprega galleri teikna av arkitekt Bjart Mohr. Museet held ope i sommarsesongen og kan fint kombinerast med turen mellom Smørklepp og Mjonøy.

Etter turen er det naturleg å ta turen innom Mjonøy – ein lun møteplass langs E134 med vedfyrt bakeri, kafé og overnatting i tradisjonelt Telemarks-tun.

Historie langs Hyllandsfoss

Langs turstien Fløtarvegen ved Hyllandsfoss kjem du tett på historia om tømmerfløyting, industri og kraftproduksjon i Vinje. Turstien følgjer elva forbi gamle steinmurar, spor etter møller og kraftverk – alt bygd opp med rein muskelkraft for å leie tømmeret vidare nedover vassdraget.

Turen kan gåast som rundløype via Steimerre eller forlengast vidare opp mot Hyljås med utsikt over Hyllandshylen og kulturbeite på Hylland.

 

Sjå foto og videoar

Les meir

Nasjonalskilting av trustiar i åmot. Grønne skilt med Vinje IL logo

Sentrumsnære vandringar i Åmot

Vinjesenterte, museumsinfomasjon, bilete av Haldis Moren Vesaas

Opplev kultur-Vinje

Damer på shopping i Åmot

Eit naturleg stopp langs E134 – opplev Åmot i Vinje